Laksesafari

Laksesafari

Flyt med laksen ned suldalslågen!

Iført tørrdrakt, snorkel og maske, flyt du fritt med straumen i Suldalslågen. Nokre stader så grunt at det følest som ein må knipe inn magen for ikkje å skrape mot dei flate steinane på elvebotnen, andre stader passerer du hølar meir enn 12 m djupe. Dette er eit natureventyr av ei anna verd. Ein laks piler forbi, ein anna står og stangar mot straumen. Vegetasjonen under vatn skifter mellom grøne vassplanter, fin sand og lyse, glatte steinar. Ein guide flyt med gruppa i vatnet, ein guide føl gruppa i kano.

Utstyr og krav til deltaking

Du må vera minst 14 år, symjedyktig og ikkje ha epelipsi, eller andre sjukdomar som framkallast av kulde eller stress.Ta på innerst varmt godt undertøy. Resten av kleda som tørrdrakt, sko og dykkarmaske får du av oss. Ein guide føl deltakarane i vatnet, og ein i kano. Tryggleiken står i fokus. Etter gjennomgang av sikkerhet får deltakerane prøva å flyta i symjebassenget før ein legg seg uti elva. Med dette så vil ein uansett flyte i overflata utan å søkkje.

Aktiviteten er levert av Mo Laksegard som held til på Mo i Sandsbygda, og det er her utgangspunktet for turen vil vera.
Påmelding innan kl. 21.00 dagen før.

Aldersgrense 14 år

Varighet: 2t 30m
Starter: 13:00

kr 850,-

Tripadvisor

Relaterte produkter

Showing 1–4 of 7 results

Dette er Ryfylke Fjordhotel & BaseCamp

Ryfylke Fjordhotell & BaseCamp består av et sjarmerende hotell i vannkanten på Sand, som tilrettelegger for spennende dager og sosiale kvelder.  Vi har kajakker og fiskeutstyr, og lokalkjennskap til fjorden og fjellene. Våre gode venner og samarbeidspartnere tilbyr alt fra historie og kultur, til elveekspedisjoner, lokalmat og laksesafari.

Hotellet

Ting å gjøre

Planlegg reisen

Booking